Etterutdanning for trafikklærar
Kurs: trafikanten i møte med utrykkingskøyretøy
Som ein av dei valfrie dagane i etterutdanninga kan du melda deg på dette kurset. Me planlegg kurs følgjande dagar:
-
Torsdag 29. januar 2026 hjå Aktiv i Knarvik
-
Tysdag 10. februar hjå Roalds i Fyllingsdalen
-
Torsdag 12. februar hjå Fossedal i Førde (merk at denne datoen kan endrast)
Kurset kan på førespurnad setjast opp fleire plassar i landet - tilbod om digital gjennomføring kjem seinare.
Kurset tek mellom anna opp regelverk for utrykkingskøyring, varsling, plassering, fartslære, energi og risiko, samt korleis trafikklærarar kan undervisa dette temaet, og korleis ein bør forhalda seg når skulebilen møter utrykkingskøyretøy.
I kurset tek me opp trafikksituasjonar i nærområdet, og dei som vil vera med kan med fordel senda inn aktuelle problemstillingar på førehand slik at me kan førebua oss best mogleg på dei.
Kursansvarleg er Geir Aasvold Rolland, med 18 års erfaring som trafikklærar og like lang erfaring som brannmann. Eg er undervisingsansvarleg for utrykkingskøyring hjå Sunnfjord og ytre Sogn legevakt.
For å få godskrive kurset som etterutdanning må du ha gyldig godkjenning som trafikklærar og kurset må gjennomførast i etterutdanningsperioden din.
Påmelding eller spørsmål: geir@effektivtrafikk.no