Opplæring og førerett for mopedbil

Me har registrert ein del misoppfattingar på det store internettet og fått nokre spørsmål inn hit kring kva opplæring som trengst, samt ulike vegar til førerett for mopedbilen, altså tre- eller firehjuls moped med høg eigenvekt. I denne artikkelen ser me føre oss å rydda litt i dette landskapet.

Høgare klassar som gjev førerett for mopedbil

For førarar med klasse A, A2 eller B er det i grunn berre å leggja i veg. Desse har førerett for moped uansett eigenvekt og tal på hjul.

 

Førerett i klasse A1

Førerett i klasse A1, lett motorsykkel, gjev i utgangspunktet førerett for moped. Dersom føraren er under 18 år er det derimot ei avgrensing mot dei tunge tre- og firehjuls mopedane. Det vil seia at føraren på 18-årsdagen kan setja seg rett inn i ein mopedbil utan noko meir opplæring. Før denne dagen går grensa derimot ved 150 kg eigenvekt.

 

Førerett i klasse T

Den som har førerett for traktor har i utgangspunktet òg førerett for tre- og firehjuls moped, uansett eigenvekt. Her er det - som for klasse A1 - eit krav at føraren har fylt 18 år dersom eigenvekta er over 150 kg. For traktorførarar kan alderskravet derimot omgåast ved å gjennomføra tryggleikskurs på veg i klasse AM147. Den som har bruk for å køyra traktor kan difor enkelt utvida føreretten til òg å gjelda mopedbil. Har ein derimot ikkje bruk for å køyra traktor er nok vegen om klasse T vel kronglete samanlikna med “standardløpet”. 

 

Førerett i klasse AM146

Dei som tek opplæring og avlegg førarprøve på tohjuls moped får òg førerett for tre- og firehjuls mopedar. Denne er derimot òg avgrensa til dei lette mopedane, og avgrensinga gjeld uansett alder. Som for alle førarkortklassar tek opplæringa til med trafikalt grunnkurs, og er grunnkurset gjennomført ein gong skal det ikkje takast omatt. Elles gjev AM146 ikkje noko fritak frå opplæring i AM147

 

Opplæringa i klasse AM147

Den som ikkje tidlegare har gjennomført trafikalt grunnkurs må gjera dette. Personar som har førarkort frå utlandet eller har fylt 25 år er fritekne frå delar av grunnkurset, men må gjennomføra opplæring i tiltak ved trafikkuhell og å vera trafikant i mørkret. Grunnkurset kan tidlegast gjennomførast ved trafikkskule når eleven har fylt 15 år, eller i niandeklassen dersom det vert gjennomført i skuleverket.

 

Når grunnkurset - som er trinn 1 i ei firetrinns opplæring - er gjennomført, tek eleven til på trinn 2. I dette trinnet er fokuset på å meistra mopedbilen reint teknisk. Det er fastsett kompetansemål som skal nåast, og alle elevane må gjennom eit firetimars kurs i grunnleggjande køyretybehandling. Dersom dette kurset ikkje er tilstrekkjeleg til å få eleven fram til målet må det øvast meir. I løpet av kurset vert det gjennomført ei trinnvurdering der eleven tek stilling til eiga måloppnåing og får råd frå læraren med tanke på vidare opplæring.

 

I det tredje trinnet ligg fokuset på samhandling med andre trafikantar. Dette trinnet har òg fastsette kompetansemål som dannar grunnlag for å kunna få utbyte av opplæringa i neste trinn. Eit sekstimars tryggleikskurs i trafikk er obligatorisk, og som i trinn 2 vert det òg gjennomført trinnvurdering i løpet av kurset. 

 

I det siste trinnet i opplæringa skal eleven gjennomføra tryggleikskurs på veg, der han mellom anna skal planleggja ein køyretur. Ettersom eleven i førre trinnet mellom anna skal ha vorte i stand til å køyra sjølvstendig kan fokuset i kurset flyttast frå innlæring av køyreteknisk eller trafikal kompetanse til overordna strategisk og taktisk nivå.

 

For å få førarkort må eleven søkja til Statens vegvesen om dette. Det vert då stilt krav til helse og vandel, i tillegg til at eleven etter gjennomført obligatorisk opplæring må gjennomføra ei teoretisk førarprøve. Når alt dette er på plass får eleven - eller kandidaten, som vegvesenet likar å kalla han - førarkort og kan køyra utan å ha trafikklærar eller andre med seg.

 

Opplæringa ved trafikkskulen

Trafikkskular skal vera godkjente av Statens vegvesen, og bruka lærarar som òg har godkjenning derifrå. I tillegg er det stilt krav mellom anna til kva køyrety trafikkskulane skal bruka, og at desse skal godkjennast av vegvesenet. I klasse AM147 er det eit lite unntak frå kravet til godkjenning av køyrety i dei områda der det elles ikkje ville vore noko opplæringstilbod. Dersom det er ein skule i nærleiken som har eigen mopedbil kan du altså i utgangspunktet ikkje gå til ein som ikkje har det.

 

Når du skal velja trafikkskule bør du først og fremst sikra deg at skulen har godkjenning. Du finn ei komplett liste over til kvar tid godkjente skular på vegvesenet si nettside. Skular som ikkje står på lista har ikkje høve til å ta betalt for opplæring, heller ikkje til å gje deg dei obligatoriske delane av opplæringa. Det er ein del falske trafikkskular som opererer på internettet - desse er stort sett svindlarar som ikkje leverer det dei tek betalt for.

 

Som skildra over skal opplæringa følgja ei trinnvis rekkefølgje, og for kvart trinn er det krav til tilstrekkjeleg grad av måloppnåing før du tek til på neste trinn. Det kan difor tenkjast - og må forventast - at du brukar fleire timar enn dei obligatoriske. Skal du samanlikna pakketilbod og liknande er det viktig at du ikkje berre samanliknar prisen for pakkene, men òg innhaldet. Er ein trafikkskule vesentleg billegare enn det generelle nivået i området kan det rett og slett henda dei ikkje tilbyr like god opplæring.

 

Privat øvingskøyring

Som i andre klassar er det òg høve til å øvingskøyra privat med mopedbil. Ettersom desse stort sett har plass til ein passasjer må ledsagaren sitja på med eleven. Ved øvingskøyring på offentleg veg der det ikkje er plass til ledsagaren må denne køyra anna eigna køyrety, ha visuell kontakt og tovegs radiokontakt. Viss mopeden har styre som motorsykkel må ledsagaren køyra motorsykkel og begge må ha refleksvest som viser bokstaven L bakover.

 

Dersom øvingskøyringa går føre seg på avsperra område er det tilstrekkjeleg med visuell kontakt og høve til instruksjon, ledsagaren treng ikkje vera med i køyretyet eller ha radiokommunikasjon.

 

Ledsagaren må ha hatt førerett for mopedbil samanhengande dei siste fem åra, og ha fylt 25 år. Skal han køyra eige køyrety må han sjølvsagt ha førerett for dette òg.

 

Ved privat øvingskøyring er det viktig å tenkja på kva formål denne skal ha. Kva skal øvast på? Korleis skal det øvast? Dersom opplæringa skjer i samarbeid med trafikkskule kan ein rekna med å få god rettleiing frå trafikklæraren på dette. Den som øver inn gode rutinar frå fyrste stund legg eit godt grunnlag for vidare opplæring. Eit godt utgangspunkt kan vera at du fyrst øver på trafikkskulen, og so tek med deg “leksa” heim og brukar god tid på å øva saman med ledsagaren.

Ta kontakt





Adresse

56 59 60 00

geir@effektivtrafikk.no