Etterutdanning for trafikklærar
Kurs: trafikanten i møte med utrykkingskøyretøy
Som ein av dei valfrie dagane i etterutdanninga kan du melda deg på dette kurset. Me planlegg kurs følgjande dagar:
- Datoar kjem
Me har no gjennomført nokre kurs med gode tilbakemeldingar.
Kurset kan på førespurnad setjast opp fleire plassar i landet eller digitalt. Digitale kurs går over to dagar av pedagogiske omsyn.
Kurset tek mellom anna opp regelverk for utrykkingskøyring, varsling, plassering, fartslære, energi og risiko, samt korleis trafikklærarar kan undervisa dette temaet, og korleis ein bør forhalda seg når skulebilen møter utrykkingskøyretøy.
I kurset tek me opp trafikksituasjonar i nærområdet, og dei som vil vera med kan med fordel senda inn aktuelle problemstillingar på førehand slik at me kan førebua oss best mogleg på dei.
Kursansvarleg er Geir Aasvold Rolland, med 18 års erfaring som trafikklærar og like lang erfaring som brannmann. Rolland er undervisingsansvarleg for utrykkingskøyring hjå Sunnfjord og ytre Sogn legevakt.
For å få godskrive kurset som etterutdanning må du ha gyldig godkjenning som trafikklærar og kurset må gjennomførast i etterutdanningsperioden din, men du kan sjølvsagt vera med på kurset uavhengig av dette.
Det kjem òg fleire kurs etter kvart som dei går frå kladdearket via Statens vegvesen og godkjenninga kjem i retur til oss.
Påmelding eller spørsmål: geir@effektivtrafikk.no