Mopedbil

Me tilbyr opplæring på mopedbil, klasse AM147. For å ta timar med mopedbil må du ha fylt 15 år og ha gjennomført trafikalt grunnkurs. Du kan få lappen når du har fylt 16. Då kan du køyra tre- og firehjuls mopedar, og frå i haust fell kravet til eigenvekt bort, dvs at du òg kan køyra "mopedbilen". Dette trur me vert eit godt alternativ til tohjulsmopeden då det kan vera fint å ha tak over seg, ABS-bremsar og ikkje minst plass til ein passasjer. 

Opplæringa går føre seg med utgangspunkt i Åsane, men etter nærare avtale kan me òg møtast andre plassar. 

Du treng sjølvsagt ikkje ha med eigen mopedbil til opplæringa, dette har me. Denne er - som alle andre skulebilar - utstyrt med ekstra speglar og dobbelt pedalsett, slik at du kan vera trygg på at læraren kan gripa inn om det trengst.

Du kan òg følgja oss på Faisbokk, der er det råd å sjå bilete av mopedbilen vår, trykk her

Ta kontakt





Adresse

56 59 60 00

geir@effektivtrafikk.no