Om målbruk på nettsida

Høgskulen i Volda har fått kritikk for at dei nyttar for lite bokmål på nettsidene sine. I staten er kravet at det skal vera minst 25% på kvar målform. Vel, dei kan få låna litt bokmål av oss. 

Desse nettsidene er nemleg kjøpt på billegsal. Me vil sjølvsagt skriva so mykje nynorsk me kan, men nokre felt her er ikkje redigerbare - og dei er jo laga av byfolk. Difor vert det litt bokmål til overs. 

Datafolka seier dei arbeider med saka, men datafolk arbeider no i sitt eige tempo, og prioriterer ikkje alltid slik eg ville gjort. Difor vil du nok møta på noko bokmål på denne sida. Trøysta er at det kunne vore verre. Om du ser på ei statleg nettside risikerer du at heile éin firedel av innhaldet er på bokmål. Ei anna trøyst kan vera at hjå oss slepp du betala for dyre nettsider, og me kan difor ta ein ikkje fullt so stiv pris på opplæringa.

Skriv du til oss vil du få svar på nynorsk om du ikkje ber om noko anna. Gjer du derimot det vil me prøva etter beste evne å etterkoma dette.

Ta kontakt





Adresse

56 59 60 00

geir@effektivtrafikk.no