Promillekontrollet

Ein tidleg føremiddag for eit par veker sidan vart me vinka til sides av Utrykningspolitiet. Det var eit kjekt møte med ordensmakta. Ein hyggjeleg og tolmodig kar tok seg god tid medan eleven fann fram legitimasjon og bevis for rett til øvingskøyring. Etter at eleven hadde pusta i alkotesten var det læraren sin tur, for fyrste gong på ti år som trafikklærar, å pusta i apparatet. 

Det tek litt av undervisingstida, sjølvsagt, men me får tryggare vegtrafikk i innbyte - ved at politiet gjennom sine kontrollar får fjerna ein del promillekøyrarar frå vegane. Difor skulle me gjerne sett mange fleire politikontrollar etter vegane.

Ta kontakt





Adresse

56 59 60 00

geir@effektivtrafikk.no