Etterutdanning for trafikklærar - fyrstehjelp

Kurs: fyrstehjelp og skadeplassleiing

Som ein av dei valfrie dagane i etterutdanninga kan du melda deg på dette kurset. Me planlegg kurs følgjande dagar:

Datoar kjem

Me har no gjennomført nokre kurs med gode tilbakemeldingar.

Kurset kan på førespurnad setjast opp fleire plassar i landet. Av omsyn til mål og innhald vert dette kurset ikkje gjennomført digitalt.

Kurset tek mellom anna opp organisering av naudetatane, sikring av skadeplass, varsling, anatomi, skademekansimar, livreddande fyrstehjelp, skadeplassleiing, brannsløkking mm. I tillegg snakkar me ein del om korleis du kan formidla dette i trafikalt grunnkurs eller kurs i ulukkesberedskap.

Kurset passar for deg som er trafikklærar og/eller underviser i trafikalt grunnkurs, fyrstehjelpsdelen, eller ulukkesberedskap (tungbil). Det passar òg for deg som vil vera ein ressursperson når ulukker oppstår.

Kursansvarleg er Geir Aasvold Rolland, med 19 års erfaring som trafikklærar og like lang erfaring som brannmann. Rolland er undervisingsansvarleg for utrykkingskøyring hjå Sunnfjord og ytre Sogn legevakt. Det er òg med fleire andre kurshaldarar. 

For å få godskrive kurset som etterutdanning må du ha gyldig godkjenning som trafikklærar og kurset må gjennomførast i etterutdanningsperioden din, men du kan sjølvsagt vera med på kurset uavhengig av dette.

Det kjem òg fleire kurs etter kvart som dei går frå kladdearket via Statens vegvesen og godkjenninga kjem i retur til oss.

Påmelding eller spørsmål: geir@effektivtrafikk.no 

Ta kontakt