Etterutdanning for trafikklærar - fysikk

Kurs: fysikk for trafikklærarar

Som ein av dei valfrie dagane i etterutdanninga kan du melda deg på dette kurset. 

Kurset kan på førespurnad setjast opp fleire plassar i landet, og kan gjennomførast anten fysisk eller digitalt. Som digitalt kurs er det fordelt over to halve dagar.

Pr i dag er det planlagt kurs på følgjande datoar:

  • Fredag 20. og måndag 23. november, digitalt, to halve dagar
  • Måndag 30. november, fysisk (plassering ikkje avklart)

Kurset tek mellom anna sikte på å utvida forståinga di for dei fysiske prinsippa som ligg til grunn for vegtrafikk, og korleis du aktivt kan bruka desse i undervisinga.

Kurset passar for deg som er trafikklærar og vil vidareutvikla deg i fagområdet fysikk. Me tek opp praktiske problemstillingar knytt til fart, ulukkesrisiko, veggrep, lastsikring med mykje meir i dette kurset.

Hovudundervisar på kurset er Alette Aasvold Rolland. Ho er fysikar og arbeider til dagleg som høgskulelektor i naturfagdidaktikk ved grunnskulelærarutdanninga hjå NLA Høgskolen. I tillegg deltek undervisingsansvarleg Geir på kurset. Han har jobba som trafikklærar i lette og tunge klassar sidan 2007.

For å få godskrive kurset som etterutdanning må du ha gyldig godkjenning som trafikklærar og kurset må gjennomførast i etterutdanningsperioden din, men du kan sjølvsagt vera med på kurset uavhengig av dette.

Ta kontakt