Smittevern
Frå måndag 11. mai 2020 får trafikkskulane opna heile tilbodet att, men me må sjølvsagt følgja smittevernreglane. Det er fastsett eigne reglar for trafikkskular, og det er eit krav at alle elevar skal vera informerte om desse, og om våre rutiner.
Desse reglane gjeld all trafikkopplæring med fysisk frammøte, uansett klasse. Dei gjeld difor ikkje ved fjernundervising.
Det viktigaste du som elev må passa på, er at du ikkje møter til undervising dersom du har symptom på akutt luftvegsinfeksjon og feber, eller dersom du hostar eller vert tungpusta. Det same gjeld dersom du er underlagt karantene eller isolering etter smittevernlova. Utviklar du slike symptom i løpet av ei undervisingsøkt må du straks forlata undervisinga. Ved kjent allergi kan du sjå bort frå symptom du veit skuldast allergien din.
Du bør utføra handhygiene (fortrinnsvis vask med såpe og vatn, alternativt handsprit) både før og etter kvar undervisingsøkt. Me har tilgjengeleg handsprit og turkepapir i bilane våre.
Til kvar tid skal du halda minst éin meter avstand til andre som er til stades. Dette kravet gjeld ikkje der det er naudsynt å ha kortare avstand til læraren, til dømes ved køyring i bil eller på same motorsykkel.
Me oppmodar til at du vel dei kursa som vert gjennomførte som fjernundervising, heller enn kurs med fysisk frammøte.
Me tek ikkje imot kontant betaling. Betalingsmåtar er til bankkonto eller ved bruk av vips - du får detaljar av læraren din.
Elevar på motorsykkel og tohjuls moped må bruka eigna køyreutstyr. Av smittevernårsaker kan me ikkje låna ut slikt utstyr. Refleksvest vert lånt ut éin gong til kvar elev, som tek vare på denne og brukar same vesten til opplæringa er ferdig. Kommunikasjonsutstyr som vert montert på hjelmen skal vera personleg. Me brukar Sena SMH10, og kan eventuelt hjelpa deg å skaffa det du treng.
Ved eit eventuelt smitteutbrot kan informasjon om kven som har motteke tenester hjå oss delast med smittevernstyresmaktene som eit ledd i naudsynt smitteoppsporing.
For å få tilgang til undervising må du stadfesta at du har lese og godtek desse rutinene.