Nettbasert undervising

Me har i samband med smitteverntiltaka fått høve til å gjennomføra ein del obligatoriske kurs som fjernundervising. Det er nok mange som vil setja pris på å kunna gjennomføra til dømes trafikalt grunnkurs frå sin eigen heim.

Kurs oms kan gjennomførast som fjernundervising:

  • trafikalt grunnkurs
  • grunnkurs motorsykkel (MC-kurs)
  • grunnkurs moped

Dette er likevel ikkje heilt fritt for utfordringar. Deltakarar treng ei datamaskin med kamera, mikrofon og høgtalarar. Påmeldinga må innehalda ei epostadresse, slik at me kan senda ut påloggingsinformasjon. Dette treng me noko tid på, slik at påmeldingar må vera innkomne seinast ein time før kursstart om du vil vera sikker på å få vera med. Det kan òg oppstå situasjonar der kursa vert overfylte, so tidleg påmelding er uansett ein fordel. Me set sjølvsagt opp fleire kurs dersom det kjem fleire påmeldingar enn me har plassar. Slik forskrifta er no, har me åtte plassar pr kurs.

For datoar for kurs, sjå kursoversikt eller ta kontakt slik at me kan setja opp eit kurs viss du ikkje finn eit som passar!

Ta kontakt





Adresse

56 59 60 00

geir@effektivtrafikk.no